2020 SNAP

Ideen om felles utstilling oppsto under et kunstneropphold i Kunstkvarteret i Lofoten, sommeren 2018. Fire kunstnere med individuelle prosjekter, alle med tilknytning til Nord-Norge. Tittelen på utstillingen, SNAP, står i sterk kontrast til de ulike kunstneriske uttrykkene: broderi på håndlaget papir, vev, tegning, foto, video og tekst. Uttrykket SNAP, knips med langfinger og tommel, er mest kjent som en populær digital beskjed som deles og raskt blir borte. Men bildene kan sitte lenge igjen i hodet.  

 
EG ER NATUR
 
I Sigfrid Hernes sitt prosjekt er naturen henne. Naturen er sårbar. Naturen er oss menneske i ei anna form. Ho ynskjer ikkje å menneskegjere naturen, men å naturgjere menneske, og det menneske gjer og lager. Korleis vil en slik måte å forstå seg sjølv på, vise seg i kunst?
 
Det er glidande overgangar mellom det vi kallar kultur og natur, og det er desse overgangane Hernes vil koma nærmare.
 
Kunstnaren:
Smarttelefonen min er eit verktøy som verker i eitt med meg, mine tankar, kjensler og ynskjer. Den er fysisk saman med meg det meste av tida. Gjennom den kan dei som har makt og vilje fylja meg, lese og endre tankane mine, kjenslene mine og ynskja mine og alltid vita kvar eg er i verda. Mobilen min er laga av stein og eg bur på ein steinplanet som heile tida endrar seg. Frå 1950-tallet (eg er født i 1956) er jorda prega av spor etter oss som ikkje kan reverseras. Spora er laga av turisme, industri, energiforbruk, bruttonasjonalprodukt, bruken av kunstgjødsel og innhaldet av CO2 i atmosfæren. Stein og fjell forvitrar og blir til jord. Nye steinblandingar vert danna. Produkta vi skaper kjem inn i det geologiske kretsløpet.  Kultur vert blanda med natur. Eg vert natur. Det humane høyrer til fortida.
 
Å tegne - å være i eit svart/kvit-univers - er blitt ein dagleg trong for meg. Her gjer eg inntrykk, tankar og kjensler til bilde med små strek på papir.
 
Det er naturleg for meg å reise til og gå turar i aude landskaper utanfor tettstader. På turane har eg ofte hatt fylje av hunden min. I fjor fikk eg ein ny valp som frå fyrste dag var redd verda. Ho er redd menneske som ser på henne. Ho er redd store ting som gravmaskiner. Ho er redd skarpe lyder ho ikkje ser som flydur, sprengningar i fjellet. Ho er redd skarpe lydar ho ser slik som fyrverkeri. Ho er redd raske rørsler som flagrane plasttepper, syklar, bilar og masse meir som høyrer til menneskeverda.
 
I segn og eventyr blir dei som braut lover og reglar til stein. Frå gamalt av vart steinar som visuelt er tydelige i landskapet, sett på som offersteiner. Den dag i dag ofrar folk til steinar og fjell.
 
I fossen kan du kanskje høyre «fossegrimen» spele fele før kraftselskapet legg den i røyr og sel krafta.